Note dell’episodio
Dei fann draumen på ein gammal husmannsplass
Pia Gulliksen og Sebastian Bautz drøymde om eit liv nærare naturen – og om å skape noko sjølve. På Lundelie gård ein gammal husmannsplass i Sør-Aurdal, fann dei staden dei leita etter.
No legg dei ned hundrevis av timar for å gi både husa og jorda nytt liv. Berre arbeidet med skifertaket har kravd over 400 timar eigeninnsats. Målet er å ta vare på historia, drive jorda og etter kvart skape seg eit liv og eit levebrød på garden.
Støtta frå Kulturminnefondet har vore viktig:
– Vi hadde ikkje gjort det utan. Vi hadde ikkje turt å kjøpe garden dersom…
Sito web: podcasters.spotify.com

