Note de episod
Cantillon-effekten & pengar
Richard Cantillon (ca. 1680–1734) skreiv berre eitt verk, «Essai sur la nature du commerce en général». Teksten er aldri omsett til eit skandinavisk språk, men i bitcoinmiljøet er interessa for mannen og tankane hans stor. Kvifor?
Cantillon tente seg rik på John Laws pengeeksperiment i Frankrike, og skreiv deretter om kva som skjer når nye pengar kjem inn i økonomien: Dei som får pengane først, kjøper til gamle prisar. Dei som får dei sist, møter prisane som alt har stige. Det er Cantillon-effekten, og han er sentral i korleis mange bitcoinarar forstår…
Site: podcasters.spotify.com

