Skip to content
Global sound
Historia om Bømoen

Historia om Bømoen

by Avisa Hordaland

Latest episode
Episode 12 - «Tillit til det motsette er bevist»

About this podcast

Bømoen-saka har herja vossebygda i over tolv år. Det starta då Voss kommune takka nei til å kjøpa området frå Forsvaret og det private selskapet Bømoen AS seinare same haust fekk tilslaget. Sidan har framtida kring flyplass, luftsport, idrett og frilufsliv i det gamle millitærområdet stadig vore i det blå. Historien inneheld alt frå storslagne planar om tusen bustadar og næring, skjebnesvangre Facebook-likes og omstridde avtalar - til frustrerte grunneigarar, engasjerte innbyggjarar og splitta politikarar. Bømoen-saka har slett ikkje mangla dramatikk, nervar, vendingar, konflikt og steile frontar. I denne podkasten skal me fortelja soga, og du får høyra stemmer som ikkje har stått fram med historien sin tidlegare.

Episodes

  • Episode 12 - «Tillit til det motsette er bevist» · 35 minOrdføraren frå Sp og varaordføraren frå Ap jobbar tett saman i den vanskelegaste saka på Voss dei siste åra. Tonje Såkvitne og Benedicte Kragh kjem i studio og snakkar om dei…
  • Episode 11 - Den omstridde frontfiguren · 17 minAndreas Håland Hemli har som dagleg leiar i Voss fallskjermklubb stått ufiltrert i kampen for tilværet på Bømoen. Han og styret i klubben hevdar Bømoen AS boikottar han, og…
  • Episode 10 - Anna rettar kraftig kritikk mot partiet · 49 minAnna Lussand Selheim melde seg ut av Senterpartiet etter maratonhandsaminga av den minnelege Bømo-avtalen i desember. No går ho hardt ut mot partileiinga og tidlegare…
  • Episode 9 - Maratonmøte og vegen vidare · 46 minEtter intense forhandlingar vart ein minneleg avtale mellom Voss herad og Bømoen AS lagt fram for politikarane rett før jol. Eit sju timar langt heradsstyremøte enda likevel med…
  • Episode 8 - Skjebnetid for fallskjermklubben · 38 minDen største konflikten på Bømoen har utan tvil vore mellom grunneigar Bømoen AS og Noregs største idrettslag av sitt slag, nemleg Voss fallskjermklubb. Dagleg leiar Andreas Hemli…
  • Episode 7 - Frå moglegheitsstudie til 1000 bustadar · 16 minEin moglegheitsstudie frå 2011, som vart laga som eit samarbeid mellom Voss kommune og Forsvarsbygg, viste korleis Bømoen kunne utnyttast i framtida. Studien låg også til grunn…
  • Episode 6 - Ekstremsportveko og kampen for framtida · 42 minEkstremsportveko har halde pusten medan utsiktene for vidare drivstoffleveranse på Bømoen har vore i det blå. Denne veka vedtok politikarane endeleg ei mellombels løysing, som…
  • Episode 5 - Den krevjande saka · 49 minLangdryg, krevjande, konfliktfylt. Tre ord som på mange måtar kan oppsummera Bømosaka. I denne episoden fortel ei rekkje politikarar om korleis det har vore å forhalda seg til…
  • Episode 4 - Slaget i heradsstyresalen · 31 minI juni 2024 kjem områdereguleringsplanen for Bømoen endeleg opp til politisk handsaming. Det vart dramatisk, særleg i formannskapet der handsaminga av Bømplanen inneheldt «alt»…
  • Episode 3 - Engasjement, aksjon og mobilisering · 29 minDet store folkeengasjementet har verkelg prega Bømosaka, og særleg dei siste åra har vossingane mobilisert for det naturskjøne området. Det heile kulminerte i ein større aksjon…
  • Episode 2 - Kvifor kjøpte ikkje kommunen Bømoen? · 21 minVoss kommune fekk forkjøpsrett då Bømoen skulle seljast i 2012. Den valde politikarane å ikkje nytta seg av, og Voss var heller aldri med i bodruden då området vart seld seinare…
  • Episode 1 - Dette er Bømosaka · 17 minBømoen-saka har prega Voss i lang tid. Heilt sidan Voss kommune takka nei til å kjøpa området frå Forsvaret i 2012, og Bømoen AS seinare same haust fekk tilslaget, har framtida…

Live, last hour: 6,982 songs on 2,599 stations in 120 countries

Discover the world through radio

More ways to discover (7)

Heard something good? Save it, or open it straight away in Spotify.

★ Artist of the week The fastest riser on the radio this week
Your song here? From € 9 per week →
Radio 538 luisteren - Live!Popular right now