Poznámky k epizodě
Dagens gjest er vand med å snakke i mikrofonen. Han er stemma til heile Sogn og Fjordane kvar morgon, og det måtte vi sjølvsagt snakke om. Får han ikkje prestasjonsangst av å snakke til så mange på direkten, og kva er den største tabba?
Fredrik er ein fyr som driver med mykje greier. Han er alt for ung til å elske sild, men gjer det uansett. Som ein del av sildekomiteen sørga han for at det blir Himmel & hav-helg i Florø i år også. Han har blant anna vore festivalsjef for Våt Moro, var med å stifta Stimen, satt i styret til Kinn Kyrkjelege fellesråd, var politisk aktiv som ungdomsordførar og…
Web: omny.fm
