Catatan episode
– Livet har fare fint med meg, trass i nokre sjukdomstilfelle, så eg gler meg kvar dag over at eg har det så godt no i alderdomen. Det seier Aslaug Eik, tidlegare lærar og bondekone i Omvikdalen. Til sommaren blir ho 92 år. Ho tykkjer det gjev ein ekstra bonus når ho stundom blir spurt om å skriva litt for andre, eit dikt eller ein prolog, det gjev henne ei kjensle av å vera eit levande menneske, og viser at hovudet enno fungerer, legg ho til.
– Fastlegen og fysioterapeuten min seier også at det går fort framover med meg no, ikkje nedover, slik ein skulle tru i min alder, humrar Aslaug…
Situs: skimtvis.no
