Note dell’episodio
– Det er eit einsamt liv å vera åleine når du er gammal, så eg vil helst flytta herifrå no, seier snart 99 år gamle Kasper Hjelmeland i Omvikdalen. Men då tenkjer han ikkje først og fremst på at det minkar på tida hans her på jorda, men at han får seg ein plass ved Ølve alderspensjonat om ikkje så lenge. Om han får leva ei stund til, er det dit han vil. Det er eit førsteklasses hotell i hans auge.
Til Rosendalstunet vil han i alle fall ikkje, slår den aldrande mannen fast med fynd. Det skuldast nokre episodar, der han ikkje fekk den hjelpa han hadde venta å få. I dag lagar han nesten all mat…
Sito web: skimtvis.no
