Poznámky k epizodě
I episode 4 reiser me vidare vestover. Etter møtet med New York ventar ei ny og krevjande ferd innover i landet. Her handlar det ikkje lenger om båtreise, hav og kyst, men om tog, kanalar og dei endelause præriane. Me fylgjer nykomne kvinner som må finna fotfeste i ei framand verd – mellom språkbarrierar, svindel, sjukdom og brutal natur.
Gjennom sterke og gripande forteljingar i brev frå Amerika kjem me tett på Gudrun Fagerlie, Linka Preus, Marta Larsen, Magreta Nesheim og Rakel Tonette Atlaksdatter. Dei syner oss korleis det var å vera kvinne på reise mot det ukjende med von, uro og…
Web: podcasters.spotify.com
