Episodebeskrivelse
Denne episoden spelte eg inn frå keramikrommet (aka melkerommet) til mamma på småbruket hennar i Sverige. Heile familien fulgte stille med når eg spaserte over tunet og ned i melkerommet og begynte å rigge meg til. Tanken på alt dei har sett meg hoppe uti opp gjennom åra gjorde meg nok litt sjølvbevisst, men også veldig takksam.
Eg har alltid fått lov til å prøve. Til å drøyme. Til å feile. Til å starte på nytt.
Denne episoden handlar om nettopp det. Om korleis det kjennest å vere vaksen og framleis leite etter den vegen som kjennest rett. Om draumen om å skape eit liv med litt meir fridom…
Website: medheilemeg.substack.com

